Miljøpolicy i Sirkla Ressurs

Sirkla Ressurs har som mål å vere den føretrekte næringsrenovatøren i Sogn, og skal sikre ein mest mogleg miljøvenleg leveranse av alle våre tenester.

Hausten 2023 vart vi re-sertifisert Miljøfyrtårn, og kan dokumentere at strenge kriterium innan vegtransport og gjennvinning er tilfredsstilte.

Sjå innrapporteringa vår.

Overordna mål for helse, miljø og sikkerheit

Gjennom vår visjon «Avfall til nye verdiar», skal vi vere ein pådrivar for å finne dei beste miljøvennlege løysingar for våre kundar. Kjerneverdiane våre, løysingsorientert og stolt, atterspeglar dei vi er og det vi gjer.

Vi skapar dei beste løysingane og er stolt over det! For oss sjølve, kundar og heile verda.

Samfunnsansvar

Sirkla Ressurs legg vekt på å ta samfunnsansvar i forhold til korleis verksemda påverkar menneske, miljø og samfunn. Våre etiske retningslinjer skal skape tillit og lojalitet blant medarbeidarane i verksemda.

Vårt arbeidsmiljø skal mellom anna vere prega av godt samarbeid, respekt og openheit – også i forhold til diskusjon rundt etiske problemstillingar. Samstundes skal våre etiske retningsliner også skape tillit hjå oppdragsgjevarar og leverandørar.

Alle tilsette skal bidra i arbeidet med å følgje opp våre leverandørar og kommunisere våre forventingar om samfunnsansvar, etikk og miljø. Vi skal gjere vårt beste for å auke kundane sit miljømedvit gjennom informasjon og opplæring om kjeldesortering, ombruk, redusert forbruk og gode miljøvanar.

Overordna mål:

  • Med vår visjon «Avfall til nye verdiar», skal vi bidra til høg ombruksgrad på alt innsamla avfall.

  • Vi skal ha kompetanse og vere oppdatert på miljøvenlege løysingar i vår bransje slik at vi kan bistå våre oppdragsgivarar med å velje miljøriktige alternativ.

  • Vi skal vere proaktive og kontinuerleg forbetre våre miljøprestasjonar i tillegg til å følgje lovkrav.

  • Kundar, eigar, medarbeidarar og leverandørar er hovudinteressentane i verksemda sitt miljøarbeid. Alle interessegrupper skal ivaretakast i miljøstrategien

Konkrete mål knytt til HMS